BIDRA.

Ynskjer du å støtte vårt arbeid?

Gje av eit gla hjarte.

Gud har ein plan for våre liv, han har fasiten til eit liv fylt med glede, fred, håp og tilfredstillelse. Vi er kalla til å vere i verda men ikkje av verda. Verdas visdom er dårskap for Gud seier bibelen. Dette trur vi også når det kjem til økonomi og pengar. Gud har ein himmelsk måte vi kan forvalte vår økonomi på, nemleg å kunne gje. Å ha ei givarteneste er først og fremst ikkje for mottakaren, men for den som gjev. Gjennom det å gi av eit gla hjarte vil du oppleve eit nytt forhold til pengar. Gud treng ikkje dine pengar, men han vil ha hjartet ditt. For mange av oss er veien dit blokkert av ein kjærleik til pengar, men Gud vil vise oss ein måte vi kan forvalte vår økonomi på, som ikkje blokkerar eller herdar våre hjarte - nemleg å gje. Gje av eit gla hjarte og opplev at Gud vil ause over deg sin rikdom. 

Om du ynskjer å støtte spesifikke prosjekt må du markere det på overføringane. Meir om dei ulike prosjekta vi støttar finn du lenger nede på denne sida.

Skattefrådrag.

  1. Når du gjev gåver til oss gjennom Vipps eller Bankoverføring, vil du kunne få skattefrådrag. Med overføringar via Vipps eller bank markerer du innbetalingane med namn og personnummer. Vi registrerer dine gåver i Pinsebevegelsens Sentralregistrering av Gaver med Skattefradrag (PSGS), og du vil få inntil 25 000 kroner av det du gjev i skattefrådrag på inntekta di. Dette gjeld for alle enkeltgåver over 500 kroner.

  • VIPPS.

    Søk opp Pinsemenigheten Filadelfia, eller slå inn Vipps-nummeret: 64718.

  • KOLLEKT.

    I våre gudstenester får du høve til å gje kollekt gjennom Vipps.

  • AVTALEGIRO.

    Om du ynskjer å gje via avtalegiro kan du registrere din informasjon her. Ellers er kontonummer 3790.13.02872.

PROSJEKT VI STØTTAR

Christian Surfers .

Stadlandet er mest kjent for å være en av Norges mest populære surfestrender. Surfemiljøet er derfor ein av våre viktigaste misjonsarenaer. For nokre år sidan leia Gud ei lita gruppe surfarar hit, med hjarte for Jesus og lidenskap for surfing. I 2014 la dei seg under den store internasjonale organisasjonen Christian Surfers, og er ein av 40 surfedestinasjoner der CS er representer.

Christian Surfers ynskjer å være ei bru mellom surfestranda og kyrkja. Det er ei gruppe av dedikerte surfarar og disiplar, som ynskjer å bruke si surfing til å nå andre surfarar med evangeliet.

Christian Surfers Norge drivast fra Stad kommune og Filadelfia Stadlandet er deira modermenighet. I dag eksisterer det lokallag på Stad, Oslo og Kristiansand.

Skjermbilde 2021-09-09 kl. 14.30.29.png

Nepal.

Vi er stolte av å støtte Øyvind og Sherry Møller sitt arbeid i Asia. Dei er no fast busett i Singapore, og jobbar derifrå. Dei har møter og kampanjer, der mange opplever både frelse og helbredelser. Dei held også pastorseminar med undervisning og oppmuntring til leiarane, dei har kontakt med mange menigheter i Asia.

Skjermbilde+2021-09-14+kl.+10.25.10.jpg

Glocal.

Salt Bergenskirken har eit viktig misjonsarbeid i India, som Vidar Dalsbø, vår pastor, har vore med å besøke i 2014 saman med Øystein Gjerme. På si reise opplevde Vidar sjølv kor viktig dette arbeidet er og sidan har vi støtta med eit fast månadleg beløp.