Ein uforgløymeleg vinter
Januar månad i Ervik på Stadlandet kan variere frå orkan til stilt kaldt vinterver. Men upåverka av veret er lett tilgjengelege fjell, levande bygdesamfunn, aktiv lokalmenighet og storhavet i vest. Bli med og start det nye året på ein annaleis måte!
UNDERVISNING
Kurset er sentrert rundt to hovudtema:
1.Basic kristen tru. Bibelsyn, skapt av Gud, fallet, frelse og paktene.
2.Kyrkje/menighet. Teologisk forankring, og praksis, felleskap, oppdrag, og teneste.
Pastor og ulike medlemmar frå Filadelfia Stad vil undervise store delar av kurset. Mykje av undervisninga vil foregå i lokala til menigheta.
INFO & PRIS
Tidspunkt: 3.- 31 JANUAR 2026
Lokasjon: Ervik, Stadlandet
Alder: 20+, unge voksne/voksne
Pris: 14 000,- (+ påmeldingsavgift 3 000,- refunderast ikkje dersom avmelding)
Pris Frivillige: 6 500,- + påmeldingsavgift
Påmelding: fortløpende fra februar 2025
Maks antall deltakarar: 14
Maks antall frivillige:2
NB! Dersom bibelkurset vert avlyst eller det vert for få deltakarar får du tilbake påmeldingsavgifta.
Det er lengre distansar mellom huset, kyrkja, surfen og aktivitetane. Derfor oppfordrer vi til å køyre eiga bil eller saman med nokon andre under opphaldet
AKTIVITET
Vi legg også opp til aktivitetar i området rundt oss. Dette vil i all hovedsak skje på fredager. Her ønsker vi å være fleksible for å oppnå de beste opplevelsene og legge til rette for når vêret er best. Stadlandet har ein majestetisk natur og byr på fantastiske opplevingar.
Spektakulære fjellturar og bølgesurfing er naturlege ingrediensar i bibelkurset. Dersom veret tillet det, kan vi ta turen til Selja kloster, som var hovudsetet for kristentrua på 1000 talet. Januarveret kan gje oss regn, sol, snø, storm eller vindstille.
Aktivitetane vert lagt opp etter korleis veret er. Kanskje du får oppleve storm ved Stad? Eller bål og kakao på Vestkapp-platået i jakt på nordlyset? Vi gler oss til å ta deg med ut!
OPPHALD
OVERNATTING:
Studentane og dei frivillige bur saman i Kommahuset i Ervik. Filadelfia Stadlandet eig huset og vi ynskjer å fylle det med liv og latter. Studentane deler rom med to eller tre, og har felles stove og kjøken. Stranda ligg nokre hundre meter unna og vi eig og disponerar skatelåven rett over vegen.
MÅLTID:
Frukost, lunsj, middag og kveldsmat er inkludert i prisen. Det er frivillige på Bibelkurset og medlemmar frå menigheta som står for mykje av maten. Studentane vert oppmoda om å hjelpa til med mindre arbeidsoppgåver.
KOMMAHUSET
H U S E T , L Ø A ligger midt i vakreste Ervika på Stadlandet. Plassen eies og driftes av Filadelfia Stadlandet og skal være til glede for kirka, bygda og besøkende.
Et hus med mange rom og lav (dør) terskel. En løe full av moro som alle kan more seg i. En unik plass der vi setter gjestfrihet høyt og ønsker å skape liv og god stemning.
https://www.kommahuset.com
FRIVILLIG
Vi søkjer etter deg som ønsker å jobbe som frivillig under kurset. Du vil få oppgåver i tilknyting til mat, reingjering samt andre praktiske oppgåver. Då kan du bu og få mat kostnadsfritt. Du vil kunne delta i store delar av undervisninga og vere med på fleire av aktivitetene.
Bruk same søknadsskjema og kryss av for frivillig.
