Velkomen til
Gudsteneste
…dele liv, Guds ord og byggje eit solid, trygt fellesskap
Lifegruppe.
Onsdag kl 20:00
Vi trur at Gud vil gje vekst både kvalitativt og kvantitativt. Vi trur at smågrupper i heimane ,er ein bibelsk måte og arbeide på, for å nå ut til nye med evangeliet, vise praktisk, sosial og andeleg omsorg, få dele liv med andre, og vekse i det å ta ansvar
Vi ynskjer å ha smågrupper der den enkelte kan få dele sine liv og sin tro, stille spørsmål i et trygt forum og utforske Guds ord saman med gode vener. Alle. truande eller ikkje, er velkomne med i ei av våre life grupper.
Bønnemøte.
Tirsdag kl 20:00.
Kvar tirsdag på Filadelfia er det bønnemøte og er åpen for alle som vil delta. Her blir det tatt opp forskjellege bønneemne for bygda, menigheita og personleg.
Fila Ung.
kl 20:00.
Annakvar fredag på Filadelfia. Det blir andakt leik, sosialt og lovsong.
Året 2023/2024 har vi også Tentro, frikirkelig konfirmasjon, en gong i veka.Du kan ta kontakt med Mathilde/Ungdomspastor
på tlf: 406 09 846
Aldersgruppe: 8.klasse - 3.VGS.
Gudsteneste
Søndag kl 11:00.
Dei første menighetene samla seg jamnleg, delte livet og alt dei eigde. Dei song og prisa Herren med sine gåver og delte Guds ord i lag. Vi trur at det å samlast kontinuerleg i kvardagen skaper eit trygt og godt fellesskap, der ei kan oppleve personleg vekst og byggje relasjonar. Derfor ynskjer vi å ha fellesskap kvar søndag.
På våre gudstenester ynskjer vi at alle skal føle seg velkomne, store og små. Ei samling består gjerne av mykje song og musikk, ei preike, opplegg for dei minste og hygge. Vi møtast for å dele liv, Guds ord og byggje eit solid, trygt fellesskap.